Skip to main content

Åtte tiår med folk, fellesskap og byggeglede:

RYFYLKE TRELAST 80 ÅR!

Ryfylkes eldste aktør i sitt slag har vore med på å bygge heimar, nærmiljø og møteplassar heilt sidan 1946 – og blikket er framleis retta framover.

For sjølv om mykje har endra seg sidan dei første plankane blei lossa for hand på kaien på Tau, handlar det framleis om det same: å bidra til gode heimar, gode nabolag og eit endå betre bumiljø på Strandalandet.

Gjennom åtte tiår har menneska vore det viktigaste. Dei som starta det. Dei som bygde det vidare. Dei som møter kundar, samarbeidspartnarar og nye prosjekt kvar einaste dag. Og dei som bur og trivst i det vi har bygd.

No gler me i Ryfylke Trelast oss til dei neste 80 åra.

Det var Malvin Amdal som saman med fem kameratar starta Ryfylke Trelast på Tau ein marsdag i 1946. Felles for alle seks var at dei hadde bakgrunn frå motstandsrørsla under krigen.

Dei sterke banda frå krigsåra gjorde det naturleg å halda fram fellesskapet også i fredstid. Resultatet blei ein liten trelasthandel ved kaien på Tau.

Materialane kom ofte sjøvegen frå Austlandet med gamle MK Idsal. Kvar einaste planke blei boren om bord og lossa for hand – eit arbeid som kravde både styrke, samarbeid og vilje.

 

 

Bildet viser MK Idsal ved kaien på Tau, der mykje av historia til Ryfylke Trelast starta.

Då Gunnar Amdal tok over leiinga som tenåring i 1984, hadde verksemda allereie flytta frå kaien på Tau til Alsvik, fem kilometer lenger nord i Strand.

Sidan den gong har mykje skjedd. Frå nokre få tilsette har verksemda vakse til nærare 80 medarbeidarar – og frå rein trelasthandel til ei brei byggjeverksemd. – Det var litt andre tilstandar då eg overtok som dagleg leiar. Nå leverer me alt frå A til Å i byggjebransjen, har eigne tomtefelt og er totalleverandør ved byggjeprosjekt, seier Gunnar Amdal.

I dag omfattar verksemda både byggevarehandel, prosjektutvikling og byggjetenester – med same lokale forankring som alltid har vore fundamentet.

Gjennom åra har Ryfylke Trelast vore med på å bygge langt meir enn hus og bygg. Verksemda har mellom anna hatt ansvaret for tømmerarbeidet i fleirbrukshallen på Jørpeland, og er no involvert i det nye Aktivitetshuset på Tau – møteplassar som vil skapa aktivitet og glede for mange i åra som kjem.

Idretten har alltid stått familien Amdal og Ryfylke Trelast nær. Bedrifta er på høgaste sponsornivå både i Staal Jørpeland og Midtbygdens IL, og har gjennom mange år vore ein viktig støttespelar for frivilligheita i regionen.

Då Ryfastløpet blei arrangert i 2019, var det heilt naturleg at Ryfylke Trelast også der stilte opp som medspelar.

Ryfylke Trelast har gjennom fleire generasjonar støtta idrett, aktivitet og frivilligheit på Strandalandet.

Vil du vite mer?

Kontakt Aleksander Amdal

Daglig leder

Telefon: 959 90 825 Epost: aa@ryftre.no